Sommarskulen 22 er ein aktivitetsarena for alle born i grunnskulen frå 1 til 10 klasse. (også, for born med relasjonar til Seljord, som besteforeldre o.l.). I år som i fjor, skal me ha mange aktivitetar i alle bygdene våre. Det skal vera eit vidt spekter av aktivitetar frå fysiske til kunstneriske og kulturelle. Aktivitetane blir promotert på heimesida og på appen "Sommarskulen". I tillegg vil leiarane vil promotere aktivitetane ut på sosiale- og trykte media, der det måtte passe.

Påmeldinga skjer frå aktivitet til aktivitet. Den blir promotert og vist 1 veke i framkant, slik at du får tid til å melde bornet/borna på. Sjekk aktivitetens aldersgrense og antall. All aktivitet har kjernetid fra 11.00 til 14.00. Reglar for borna på somarskulen finn ein på heimeside, i app og hos aktivitetsleiarane. Om det skulle vere noko utover dette, så ta kontakt med ein av aktivitetsleiarane frå og med måndag 20. juni kl 11.00 på Englandsletta (bak skulen ved SFO)

 

Sommarskulen 22 - ein aktiv sommar!

Kråkeroe ein varm dag i august

Category: Kultur Frivillighet Historie Lokalt Ungdom Friluftsliv Fjell Ferie

Aug 05, 2022 - Hans Inge Hagen

Kan ein ha det betre, enn på staulen, ein varm fredag i august? Over 20 stk blei med bussen til Kråkeroe-staulen og Flatdal Meieri i dag. For ein flott plass. Ohla, Tov, Guro og Ragnhild styrte gjengen. Det er så moro med glade born og vaksne, når ein er på tur! Betre start på helgi, får ein ikkje. Tusen takk til Sondre og Margit (og resten av stølsfølket) for stell og kjærleik! Håpar me kan reise hit kvart år framover! God helg! (Og husk; d æ’kje ivi fyri d æ ivi!) — her: Kråkeroe-staulen og Flatdal Meieri.

Kråkeroe ein varm dag i august

Sommartid! = ungdomsklubb

Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom Samfunn

Aug 04, 2022 - Hans Inge Hagen

Det er veldig moro med «Sommartid!» klubb. Oppunder 30 stk kom for å leike, spela, sjå film og høre på musikk. Ragnhild, Guro, Tov, Ohla og Thomas serverte pizza, brus/saft, punsh og godsaker. 3 timar på kveldstid, frå 18-21, er flott å kunne møtast med vener og kjente, på tvers av trinn og bustad. Tusen takk til Frivillighetssentralen for lån av lokale. Det har vøre heilt supert for kånn i år! Me likar samarbeid! 

Sommartid! = ungdomsklubb

Aktivitet nr 100

Category: Kultur Kommune Skole Lokalt Ungdom Samfunn

Aug 03, 2022 - Hans Inge Hagen

Me feirar aktivitet nr 100 i Sommarskulen med «Sommartid!» klubb på Frivillighetssentralen. Me er kjempestolte og glade over ein fantasisk deltagelse på Sommarskulen i år, som i fjor. Det er ikkje lett å følge opp suksessen frå året før. Men, nå har me nesten gjort det. 100 aktivitetar, med nesten 2000 påmeldingar, og hundrevis av timar med planlegging og born i aktivitet!

Aktivitet nr 100

Ein dag på museet

Category: Kultur Historie Lokalt Ungdom Samfunn

Aug 02, 2022 - Hans Inge Hagen

Me er veldig heldige, som har eit så flott museum her i Vest-Telemark. På Eidsborg heve dei fantastiske utstillingar i hovudbygget. Stavkyrkja på Eidsborg er historisk og veldig spanande å sjå og høyre nøyare på. Så har dei, i tillegg til mange bygningar, også ein flott aktivitetspark. Miniatyr av Telemarkskanalen, pil og boke binkar. Arkiologiske graveområder. Og mykje, mykje meir. Me var helsige å få besøke dette anlegget i dag. Kjetils tur kjørte buss med 26 stk. Sommarskulen syns det er veldig viktig og moro å kunne bruke og besøke museet. Dette vil me gjerne gjere meir. I fjor var med på Åmdals Verk gruver. Så, dette er lokalhistorisk glede. 

Ein dag på museet

Matglede

Category: Kultur Ungdom Ferie

Jul 30, 2022 - Hans Inge Hagen

Matglede

Pizza smakar best, når den er ovnsbakt, ute! Og me handla selfølgeleg alt på bui! Denne gjengen avslutta veka i Flatdal skulehage. For ein flott plass å vera! Me storkosa kånn der i dag. Takk til Flatdal skule for lånet! God helg til alle!

Prøv noko nytt

Category: Ungdom Samfunn Ferie

Jul 28, 2022 - Hans Inge Hagen

Prøv noko nytt

Me driv helst på med det me er vand med å gjere. Ein gjer ofte det ein kan og meistrar. Prestere og vise andre kva ein er god på, gjev sjølvtilit og tryggheit. Det er noko godt ved det. Gjere det ein kan. Men, ein bør også gjere det ein vil. Det du vil, uten påvirkning frå din beste ven eller gruppa du er med i.

Det å utfordre deg sjølv til å gjere det ein vil og ynskjer, er ikkje enkelt. Det kan vera flaut eller pinleg å like ting utanom det vanlege. Det er ufatteleg viktig å finne ut av det. Prøve og teste, over eit breit spekter av aktivitetar. Kanskje, likar du å sy, om du er gut. Kanskje, likar du å mekke, om du er jente. Om du er jente eller gut, betyr ikkje så mykje. Det er kva du har lyst til å gjere, som er viktig. Ein dag lagar du kanskje den tøffaste olabuksa. Eller, ein dag har du fiksa den råaste motoren.

I sommarskulen vil me at du skal prøve. Bli med, sjølv om du aldri har gjort det før. Teste det ut. Her er det ingen tabu eller fordommar. Du melder deg på, det du vil. På dei aktivitetane me sett opp, gjer alle det. Derfor, er det lite krangling og stor fokus på det me skal gjere. Du får prøve, uten at nokon ser rart på deg. Matlaging, brettspel, tegning, fotball, turar, museum, leik og moro. Ein stor ask med konfekt! Du vil alltids like noko!

helsing
Hans Inge Hagen
Leiar Sommarskulen'22

Frisbeegolf

Category: Idrett Skole Frivillighet Lokalt Ungdom

Jul 27, 2022 - Hans Inge Hagen

Den fyrste felles frisbeegolfrunden i Raukleiv, gjekk til Sommarskulen sine ungdommar! En sprek gjeng fekk kasta diskar mot dei 6 kørgene me har der. Ohla, Guro, Ragnhild og Tov fekk satt opp bra runde på litt under 1 km lang. Perfekt lengde på ein flott bane. Me håpar fleire tek turen snart!

Frisbeegolf

Sommarhjølpi

Category: Kommune Lokalt Ungdom Samfunn

Jul 27, 2022 - Hans Inge Hagen

Ei bøtte med rips og solbær, er plukka og fryse ned. Takk til Marius, som tok på seg jobben for ein kunde. 2 timar og mange kg. «Somamrhjølpi» tek jobben! Treng du hjølp?  bestilling@sommarskulen.no

Sommarhjølpi

Ny aktivitetsleiarar

Category: Lokalt Ungdom

Jul 23, 2022 - Hans Inge Hagen

Velkomen til tre nye aktivitetsleiarar. Guro Gundvaldjord frå Seljord, Ragnhild Stade frå Flatdal og Tov Hegni frå Flatdal, blir sjefar i siste del av Sommarskulen. Dei jobbar fram til skulestart. Olha frå Ukraina blir også med dei. Dei har allerede fått kurs i livredning, fyrstehjelp og aktivitetsleiar frå samkjøring med dei fyrste aktivitetsleiarane. Det blir mykje moro og eit varierande tilbod framover. Gled dekkon!

Ny aktivitetsleiarar

3 staute karar

Category: Lokalt Ungdom

Jul 22, 2022 - Hans Inge Hagen

og fantastiske aktivitetsleiarar, trer av for i år! Det heve vøre ei sann glede å hatt dekkon i Sommarskulen’22. Simon Brekkan er ein kjernekar, med solid tyngde og nær kontakt med borna. Anders Slåkvik er en dugaleg flott fyr, med stålkontroll og usedvanlege empatiske evner. Stian Hagen er ein strålande kar, med full oversikt og veldig godt lag med alle borna. Desse tre (+ Thomas, som tredde av for litt sidan) er med å skapar det me treng i ein kommune som vår; Nærhet, respekt og glede over å kunne gjere ting på tvers av interesse, alder og bustad! Tusen takk for nå og god sommarferie til dekkon!

3 staute karar

Fotballskulen

Category: Idrett Skole Lokalt Ferie

Jul 20, 2022 - Hans Inge Hagen

Det er så moro når mange samlast til leik og trening. Fotballskulen vart, i år som i fjor, ein suksess på mange måtar. Fint vær, godt opplegg og mange born gjer det til ein god aktivitet. Me er stolte av alderspranget og trivselen på banen. Mange sparkar fotball til vanleg, men også ein del nye fekk prøva seg. Samarbeidet med Seljord IL Fotball, med familien Myrvang i bresjen, gjev høg kvalitet på opplegget. Det var veldig varmt desse dagane, så då måtte me servere frukt og is for å få kjøla oss ned. Tusen takk for ein flott Fotballskule!

Fotballskulen

Sommartid!

Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom

Jul 16, 2022 - Hans Inge Hagen

Det er uendeleg moro å møtast på klubb!
Stian, Anders og Simon har laga fest på Frivillighetsentralen i kveld.

Over 25 unge ungdommar møtes til speling, film, dans og leik! Pizza og brus. Me kjenner kvarandre litt meir nå! Takk for i kveld og god helg, alle sammen!

Sommartid!

Sommarskulen’22 - t-skjorte

Category: Ungdom

Jul 13, 2022 - Hans Inge Hagen

Sommarskulen’22 - t-skjorte

Har du fått Sommarskulen sin T-Skjorte for 2022? Om ikkje så gje aktivitetsleiarane beskjed om det, når du er på aktivitet. Eller meld deg på for å få her. Årets farge er lyesblå og me bestiller opp etter behov, slik at me ikkje blir sittande inne med eit stort antall. Me vil gjerne dele ut så mange me kan til elevar frå 1-10 klasse (og vener). Viktig å sjekke størrelse, slik at me fåt bestillt rektig. 

Fyrste år med Skateskule

Category: Idrett Kultur Frivillighet Lokalt Ungdom Ferie

Jul 12, 2022 - Hans Inge Hagen

Me introduserte Skateskulen i år. Heldigvis fekk med Skateguruane Per og Rune frå Oslo til å trene dei. Me hadde 14 ungar med og dei fekk øva og lært seg mange triks og teknikkar. Rampa, som også er Per er involvert i, ligg på det fantastiske området på banen midt i bygdi. Der er det også fotballbane, tennisbane, vollyballbane og badeplass i tillegg til Skaterampa og sykkelbane. Eit flott annlegg Fladal IL har bygd og driftar. Den 2 dagar lange Skateskulen vart avslutta med grilla hamburgerar, sponsa av Nutheim Gjestgiveri. Me håpar dette er starten på ein flott årleg Skateskule. Tusen takk til alle som deltok. 

Fyrste år med Skateskule

Thomas trer av.

Category: Ungdom

Jul 08, 2022 - Hans Inge Hagen

Den super aktivitetsleiaren Thomas Kluskens Liane trer av. Me ynskjer Thomas god ferie vidare og er så stolte over å ha hatt deg på laget! Simon Brekkan tek over for han og er med fram til pulje 2 trer i kraft.

Thomas trer av.

Gardsliv på Bjørge

Category: Kultur Lokalt Samfunn

Jul 07, 2022 - Hans Inge Hagen

Bjørge besøksgard med aktivitetsleiarane, Anders og Rolf, tok i mot 36 born på Sommarskulen i dag. Gardslivet er interesant og kanskje ligg det ein heil del bondesjeler i desse tøffingane. Dyrestell, gratis is eller slush og ridning er utruleg populært. Tusen takk for i dag! (Bilde: Anders er happy og glad for å ha snille ungar i aktivitet)

Gardsliv på Bjørge

Vanvittig moro

Category: Frivillighet Ungdom

Jul 07, 2022 - Hans Inge Hagen

Full guffe, for dei eldste, i Nordsjø Kabelpark. Stian, Thomas, Veronica og Sveinung fekk vera med 20 ungdommar på tur i dag. Kjetil kjørte bussen og soli skinte bra! Det er så moro å ha slike aktivitetar, som er utanom det vanlege. Meistring, samhold og vanvittig moro er noko av det beste me kan oppleve. Dei som ikkje fekk vera med denne gongen, blir med neste gong om dei vil. 

Totalt, på begge aktivitetane, hadde me 60-70 born og ungdom (og ei par, tre vaksne), i aktivitet i dag. Det følest ut som det var alle på skulen. Dette likar me godt! I morgon bør dykk vera med til Kjos!!

Vanvittig moro

Fisketur

Category: Friluftsliv Jakt og fiske Fjell

Jul 05, 2022 - Hans Inge Hagen

Fisketur til Tvitjønnan på Lifjell saman med Seljord jakt- og fiskelag. Eilev Bjørge følgte oss opp og gav ut fiskeskrin til alle 13 deltakarane. Å fiske er kjempemoro, spesielt når ein får fisk. Og det fekk nesten alle sammen. Denne gjengen, av jenter og gutar, fekk seg ein flott dag på fjellet. 14c og delvis overskya er vel perfekt fiskevér? Seljord jakt- og fiskelag

Fisketur

Leik og moro heile sommaren

Category: Samfunn Ferie

Jul 03, 2022 - Hans Inge Hagen

Det er veldig moro å sjå alle som heve kome seg inn i feriemodus. Både i Sommarskulen, privat og i andre aktivitetstilbod. Det er det me vil. Me vil ha born og ungdom inn i eit modus, der dei kosar seg og har fri. Der dei kan bli med på akkurat dei tinga dei ynskjer. Saman me vener, familie og kanskje treffe nye folk. Mange gonger er det ikkje så viktig med eit fullpakka program. Det kan vera like moro å samlast bare for å leike og kose seg. Me vil spele på lag med borna. Me vil sjå at dei kosar seg. At dei respekterar kvarandre og gjere ting i felleskap. Det styrker samhaldet og viskar vekk utanforskap. 

Sommarskulen er ikkje bare viktig for å ha ein «plass å henge». Det er viktig i tider med store endringar i økonomien. Høge straumprisar, drivstoffprisar, auke her og der. Sommarskulen er gratis og veldig inkluderande. Me treng dette tilbodet for å stresse ned og for å føle seg trygg på at borna vil få ein fabelaktig sommar, nå som me har ferie. 

Sommarskulen er ikkje skule, slik me kjenner ordet. Det er ein aktivitetsarena for alle trinn i skulane i kommunen. Me kan legge vekk stress og press til å prestere og me kan yte etter evne og lyst. Orkar me ikkje ein dag, så orkar me kanskje ein annan dag. Vil me, så melder me oss på. Fritt valg! Sommarskulen er heldig, som har så flott ein gjeng å ta i mot, kvar dag, heile sommaren. 

 

God sommar!  Ser dykk, når det passar!

Hans Inge Hagen
Leiar for Sommarskulen’22 
i Seljord kommune

 

Leik og moro heile sommaren

Bil nr 2 i Sommarskulen

Category: Kommune Frivillighet Friluftsliv

Jun 30, 2022 - Hans Inge Hagen

Me er veldig heldige som får så mykje velvilje og støtter her i kommunen. Bil nr 2 er ein 3-seters varebil frå Terje og Autostrada i Seljord. Dette gjer at me kan ha med oss alt utstyret og leikene me brukar på aktivitetane. Tusen hjartleg takk! 

Bil nr 2 i Sommarskulen

Sommar og sol

Category: Ungdom Friluftsliv

Jun 30, 2022 - Hans Inge Hagen

Sommaren ser ut til å bli varm og flott. Då er det godt me kan bade mykje. Alle aktivitetsleiarane har både livrednkngskurs, fyrstehjelpskurs og aktivitetskurs før det startar jobben sin i Sommarskulen. Og det må me ha om me skal kunne få leike ved vannkanten eller bade. Me har også med utstyr for å auke sikkerheten. Me har eit stort SUP brett, som me kan flyte på og me har fyrstehjelpsskrin om små skader oppstår. Så me er forberedt om noko skulle skje. Me kan ha med oss 15 born per vaksen, så er me 3 aktivitetsleiarar, så kan me maks ha med 45 born. Ofte er det også foreldre med. Dei kan me aktivisere i tillegg. Sommaren blir deilig!! 

Sommar og sol

Sommarskulebil nr 1

Category: Kultur Samfunn

Jun 24, 2022 - Hans Inge Hagen

Sommarskulebil nr 1

Planlegging og organisering av Sommarskulen'22 er ein kabal med tusen kort, som må leggast korrekt for å få den til å gå opp. Då er me avhengige av goodwill og snille hjelperar i privatfolk og bedrifter. Me er så heldige å ha slike her i kommunen. Toyota Seljord låner bort ein ny Prius til oss i hele 2 mnd uten å kreve noko tilbake. Dette forenklar aktivitetskvardagen, slik at me kjem oss på jobb og slik at me kan vera fleksible i forhold til henting og levering av born (uten å vera Taxi). Tusen takk!

Friluftsskulen 2022

Category: Frivillighet Friluftsliv Fjell

Jun 21, 2022 - Kelly Westrik

Friluftsskulen 2022

I dag var me (8+3 stk) på fisketur til Kroktjønn. Me starta dagen med ball-leik for å bli kjent med kvarandre og lære navn. Etter ball-leiken gjekk me opp til Kroktjønn. Undervegs lærte me å sjå på kartet kvar me var og kvar me gjekk.

Livredningskurs

Jun 13, 2022

Livredningskurs

Iskalde, men veldig dyktige aktivitetsleiarar, kan nå ta me seg Sommarskulen på bading.

Tusen takk

Category: Idrett Kultur Undervisning Kommune Skole Frivillighet Næring Utvikling Historie Lokalt Ungdom Religion Samfunn Friluftsliv Jakt og fiske Fjell Ferie

Aug 17, 2021 - Hans Inge Hagen

Sommarskulen’21 har hatt sin siste dag.

Tusen takk

Moro med handverk

Category: Kultur Undervisning Kommune Frivillighet Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Aug 16, 2021 - Hans Inge Hagen

Moro med handverk

Den nest siste aktiviteten i Sommarskulen ‘21, var me så heldige å tilbringe i Svartdal på Telespinn.

Sommartid! ungdomsklubb i Dojoen

Category: Kultur Kommune Skole Frivillighet Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Aug 15, 2021 - Hans Inge Hagen

Sommartid! ungdomsklubb i Dojoen

Ein lang dag var avslutta i Dojoen med Stian Norwall-Nielsen på Sommartid! ungdomsklubb.

Rush

Category: Kommune Frivillighet Samfunn Ferie

Aug 13, 2021 - Hans Inge Hagen

Rush

I dag har Karsten, Thomas og Ragnhild tatt med 48 spente born til Larvik og hoppet på Rush.

Moro oppe i trea

Category: Idrett Kultur Skole Frivillighet Lokalt Samfunn Friluftsliv Ferie

Aug 11, 2021 - Hans Inge Hagen

Moro oppe i trea

Med 32 + 8 klatremus i Klatreparken i Bø, må det ha vøre mange som fekk utfordra høgeskrekken sin i dag.

Innsats for andre

Category: Kultur Kommune Frivillighet Lokalt Samfunn Ferie

Aug 10, 2021 - Hans Inge Hagen

I dag har Liv, Mari og Helene vøre på Nesbukti og besøkt bebuarane. 

Innsats for andre

Racing med fjernstyring

Category: Kultur Kommune Frivillighet Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Aug 10, 2021 - Hans Inge Hagen

Racing er vanvittig moro. Spesielt, når ein kan fjernstyre bilane sjølv.

Racing med fjernstyring

Plantefarging

Category: Kultur Lokalt Samfunn Ferie

Aug 10, 2021 - Hans Inge Hagen

For ein flott og travel dag i Solvik. Plantefarging av garn og husflid er veldig moro.

Plantefarging

Fullt på sekundar

Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Aug 07, 2021 - Hans Inge Hagen

Nå aktivitetane er så morosame at dei blir fullbooka på sekundar, så ..

Fullt på sekundar

Staulen lengst nord

Category: Kultur Kommune Næring Historie Lokalt Friluftsliv Fjell Ferie

Aug 06, 2021 - Hans Inge Hagen

Staulen lengst nord

«Kråkeroe» - staulen lengst nord. Me var der med 31 stk på bussen til Kjetil. For ein fantastisk plass å koma til.

Bakom aktivitetane

Category: Idrett Kultur Kommune Skole Frivillighet Lokalt Ungdom Samfunn Friluftsliv Jakt og fiske Ferie

Aug 05, 2021 - Hans Inge Hagen

Utanom aktivitetane, som har kjernetid mellom 11-14, så jobbar me intenst med å forberede og planlegge aktivitetane fleire veker i framkant. 

Bakom aktivitetane

Tvekamp i Flatdal

Category: Kultur Lokalt Ungdom Ferie

Aug 04, 2021 - Hans Inge Hagen

«Tvekamp» i Flatdal blei nesten ein ekte «Farmen» tvekamp.

Tvekamp i Flatdal

Åmdals Verk gruver

Category: Historie Lokalt Ungdom Ferie

Aug 02, 2021 - Hans Inge Hagen

Åmdals Verk gruver i dag. Ein stor gjeng på over 30 drog med "Kjetils Tur"-bussen til Verket. Der blei me møtt av den fantastiske og energiske Unni Bendiksen og syster Berit.

Åmdals Verk gruver

Evigvarande minne!

Category: Idrett Kultur Kommune Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Jul 30, 2021 - Hans Inge Hagen

Det å koma seg på sommarskulen er ofte eit samarbeid mellom borna og dei foresette.

Evigvarande minne!

Dei 3 Bukkane Bruse

Category: Lokalt Ferie

Jul 29, 2021 - Hans Inge Hagen

Dei 3 Bukkane Bruse

Dei tri Bukkane Bruse fekk besøk av 19 småbøndar på Besøksgarden Bjørge i dag.

Skulefri i Kyrkjeskogen

Category: Kultur Lokalt Friluftsliv Ferie

Jul 28, 2021 - Hans Inge Hagen

Skulefri i Kyrkjeskogen

«Skulefri» i Kyrkjeskogen med 11 tøffingar. Sjølv i regnvér, er det ingen problem å finne på morosame ting ute

Piler og bogar på Granvin

Category: Kultur Frivillighet Lokalt Ungdom Ferie

Jul 27, 2021 - Hans Inge Hagen

Full fart på Granvin i dag, med nesten 30 pil og bogar i sving.

Piler og bogar på Granvin

Mat på programmet

Category: Kultur Skole Ferie

Jul 27, 2021 - Hans Inge Hagen

Det er veldig moro å lage mat. På skulekjøkkenet, står Nora Nordstoga og jobbar. 

Mat på programmet

Kreativ skaparglede på Sneie

Category: Kultur Kommune Ferie

Jul 27, 2021 - Hans Inge Hagen

«Kreativ Glede» 26. juli på Sneie og Eva Bull Holtes Museum i dag. 11 fantasifulle ungar fekk dyrka sine evner i dag.

Kreativ skaparglede på Sneie

Action i Kabelparken

Category: Idrett Ferie

Jul 23, 2021 - Hans Inge Hagen

Action i Kabelparken

Fredag var ein gjeng på 20 elevar og 5 aktivitetleiarar i Norsjø Kabelpark og deiv med vannsport. 

Friidrettskulen i gang

Category: Idrett Skole Ferie

Jul 21, 2021 - Hans Inge Hagen

Friidrettskulen i gang

Så var Friidrettskulen i gang. I dag trena Herman Hogstad Sveinsson, Leah Prestholt Lorne, Martine, Emma og Ingrid 18 spreke ungar i løp, hopp og kast.

Nye Aktivitetsleiarar fra i 19. juli

Category: Lokalt Ungdom

Jul 19, 2021 - Hans Inge Hagen

I dag starta det 3 nye Aktivitetsleiarar på sommarjobb i Sommarskulen'21 i Seljord kommune.

Nye Aktivitetsleiarar fra i 19. juli

Gutta trer av

Category: Undervisning Skole Lokalt Ungdom Ferie

Jul 17, 2021 - Hans Inge Hagen

Marius Greiner, Stian Hagen og Simon Brekkan trer av Sommarskulen for denne gong. Det har vøre eit fantastisk godt og hardtarbeidande trekløver.

Gutta trer av

På veg til Dansarsalen

Category: Kultur Lokalt Ferie

Jul 17, 2021 - Hans Inge Hagen

På veg til Dansarsalen

«På veg til Dansarsalen» vart ein utruleg flott musikalsk opplevense, langs stien i skogen.

Moro på gard

Category: Lokalt Ferie

Jul 13, 2021 - Hans Inge Hagen

Moro på gard

Kvar torsdag, fram til skulestart, besøker med Besøksgarden Bjørge. Der kan me stelle dyr og snakke med dei.

3 dagars Fotballskule

Category: Idrett Lokalt Ferie

Jul 12, 2021 - Hans Inge Hagen

I samarbeid med Seljord IL Fotball lagar me til 3-dagars fotballskule for elevar i kommunen (inkl. besøkande med relasjon til Seljord). 

3 dagars Fotballskule

Vener for livet!

Category: Skole Lokalt Ungdom Ferie

Jul 09, 2021 - Hans Inge Hagen

Vener for livet!

Sommarskulen handlar hovedsakleg om å skape minner for livet!

Sommarhjølpi i gang

Category: Lokalt Ungdom Ferie

Jul 02, 2021

Nå har me fått sommarhjølpi i gang og oppdraga strøymer inn. I dag var 4 elevar ute å tente pengar. 2 stk vaska bilane til Sommarskulen og tente 160,- kvar. Mens, 2 stk var på oppdrag i hagen til ein kunde og drog inn 240,- kvar. Det blir pengar i kassa av slikt! Fleire oppdrag på gang og dei som ikkje fekk i dag, får ein annan dag. 

Sommarhjølpi i gang

Eigene Sommarskulebilar

Category: Ferie

Jun 29, 2021

Eigene Sommarskulebilar

Sommarskulen har fått lånt to bilar av Toyota Seljord i sommar!

Gult er kult!

Category: Kommune Skole Lokalt Ferie

Jun 24, 2021

Gult er kult!

I sommar er gult veldig kult! Det er Sommarskulens farge, akkurat som i sjøormen i kommunevåpenet. Alle som er med i Sommarskulen skal få kvar sin. Du far den på aktiviteten din og vil da bruke den på alt du er med på.

Bjørge besøksgard, Seljord

Category: Lokalt Ferie

Jun 14, 2021

Bjørge besøksgard, Seljord

Bjørge Besøksgard ligg sentralt i Seljord ved foten av Bjørgefjell. Open besøksgard om sommaren, eit mangfold av dyr, produksjon av iskrem og overnatting.

Ledige stillingar / ferdig

Category: Kommune

Jun 01, 2021 - Hans Inge Hagen

Ledige stillingar / ferdig

Sommarjobb som Aktivitetsleiar
i Sommarskulen-21 i Seljord har ansatt 6 personar.

Me er på jakt etter ansvarsfulle og motiverte, lokale ungdomar mellom 17-25 år, som kan jobbe med barn og unge under Sommarskulens aktivitetar i Seljord, Flatdal og Åmotsdal utover sommaren.

Konkurransar

Category: Kultur

Konkurransar

I sommar kan du bli med på ulike konkurransar innan kunst, kultur og handverk. 

Seljord Jakt og Fiskelag

Category: Friluftsliv Jakt og fiske Fjell

May 22, 2021

Seljord Jakt og Fiskelag

Likar du å fiske eller jakte, så vil SJFL arrangere ein eller fleire turar i sommer. Følg med.

Seljord Turlag

Category: Friluftsliv

May 22, 2021

Seljord Turlag

Me i Seljord Turlag har sommarskule for barn den fyrste veka i sommarferien. Bli med på dette oppe i Raudkleiv. Kjempemoro. Telemark turistforening DNT kjem med mange instruktørar.

Allidretten i Seljord idrettslag

Category: Idrett

May 22, 2021

Allidretten i Seljord idrettslag

Allidretten i Seljord idrettslag tilbyr vaiert aktivitet i heile sommar og så ofte det lar seg gjere. Det vil bli dans, klatring, natursti, orientering og mykje mykje meir.