Håvard Eilefstjønn

Jun 24, 2023 at 03:59 pm - Tommy Sandsdalen


Håvard Eilefstjønn

Glimt i auget! Neste aktivitetsleiar i presentasjonsrunden er Håvard Eilefstjønn, som stemplar inn måndag morgon og blir med Sommarskulen heile neste veke.

Neste veke på Sommarskulen er actionfylt med fotball, klatring og paintball; skreddarsydd for å få med Håvard på laget! Håvard har mange timar i beltet fra Raude Krossen/RØFF Seljord opp gjennom åra, så sikkerheiten blir også styrka med Håvard. Du har kanskje sett han ta nokon leikne dragningar for A-laget på Eventyrøy?
Nokon ord fra guten sjølv:
"Hei, eg heiter Håvard. I sommar skal me ha det kjempeartig, med sommarskulen! Fotball, tur og full fart syns eg er artig. God humor, mange smil og fine opplevelser blir det i hvert fall".

Åssen trur du ein god ven vil beskrive deg?
"Ein god ven seier at eg tenker meir på åssen andre har det, enn meg sjølv. Ein som bryr seg om å inkludere folk som kanskje føler seg litt på utsida".
Du burde helse på Håvard i sommar, for om ikkje så lenge dreg han i militæret!