Kin-Ball
Category: Idrett Lokalt Ungdom FerieAug 15, 2024 at 09:05 pm - Tommy Sandsdalen
Samarbeid og inkludering i fokus på Kin-Ball. Kin-Ball er ei idrett frå Canada som er laga for å skapa inkluderande aktivitet i kroppsøvingsfaget. Kin-Ball kan spelast med mange kreative vriar. I konkurranseform er det den einasta idretten kor det er tri lag mot kvarandre. Takk til kommunefysioterapeut Ida, og turnusfysio Åste, som leia Kin-Ball økta med bravur i dag. Skular i Seljord kommune kan låne Kin-Ballar av Ida Tollehaugen i skuleåret.