Sommarskulen - del 2

Category: Kommune Lokalt Ungdom Ferie

Jun 30, 2023 at 06:00 pm - Tommy Sandsdalen


Sommarskulen - del 2

Takk for no!
Dei to fyrste vekene på Sommarskulen har vore fantastisk moro!

330 frammøte påmeldingar, varierte aktivitetar og upåklageleg stemning! Sommarskulen håpar born og foreldre er nøgde. Me som jobbar med Sommarskulen diggar å organisere og leike med borna på dei ulike aktivitetane - dette er ein "jobby"!
Mange morosame samtaler med borna desse to vekene, kjempeartig. 

7. august fortsett Sommarskulen og held fram til laurdag 19. august.
Me kan røpe at det blir fisketur til Tvitjønnan/Lifjell 7. august, og kan også røpe at det blir bruskasseklatring og sumobryting i Lårdal 19. august.
Uka før 7. august slepp me programmet for uke 32.

Kos dekkon videre i sommar så sjåast me plutseleg igjen.