Tov Hegni

Category: Lokalt Ungdom Ferie

Jun 21, 2023 at 12:07 pm - Tommy Sandsdalen


Tov Hegni

Neste aktivitetsleiar i presentasjonsrunden er Tov Hegni. Her har me ein kar med stort hjerte, godt smil og mykje energi! Aldri sett nokon i bås for Tov elskar også rolege sjakkparti med lange rokader, og han er heller ikkje fremmed for "offerspel". Tov ofrar seg gladeleg så andre heve det bra! 
Det gjeng gjetord frå Sommarskulen i fjor at borna syntes det var såpass stas å henge med Tov at enkelte born prøva å klistre seg på han. Slik atferd trur eg Tov kan like, for han er ekstremt motivert for å jobbe på Sommarskulen i år au.

Åssen trur du at ein god ven vil beskrive deg?
"Eg trur ein god ven vil sei at eg strålar av godhet og omtanke, og at eg alltid er der for å støtte og oppmuntre".

Undertegnede kjenner seg ganske så oppmuntra av å både skrive og henge rundt Tov, så er ikkje detta ein bra kar så veit ikkje eg. 

Tov blir med alle fire vekene på Sommarskulen!