Sommarskulen 24 - ein aktiv sommar!
Takk for 2024!
Category: Kommune Lokalt Ungdom FerieAug 18, 2024 - Tommy Sandsdalen
Fire veker med Sommarskulen er ved veis ende, og me vil takke for fire fantastiske veker.
"Fint ver og snille born" - klassiker det!
Har du fått ein ny ven eller to i løpet av Sommarskulen? Me trur det!
Sitt du igjen med nokre gode minner frå årets sommarskule? Me håpar det.
Sommarskulen klokkar inn på 514 aktive påmeldingar denne sommaren. Det er omtrent på høgde med i fjor kor det vart 547 aktive påmeldingar.
Ambros, Anna, Ragnhild og Selma har verkeleg levera med glans som aktivitetsleiarar, og dei seier til meg at dei har hatt veldig bra saman med alle borna i sommar, så da velger eg å tru på det.
Tusen takk til alle som har bidrege i sommar, lista er lang, og alle skal vera nevnt med god ordlyd tidligare i sommar. Kred til Seljord kommune som prioriterar å ha sommarskule i kommunen kåns på fjerde året. Eg trur det er mange foreldre og born som håpar det blir ny runde neste sommar.
Lykke til med skulestart på måndag. Start med å sei "Hei" til dei du møter, så hjelper du båe deg sjølv og dine medelevar med å få det triveleg i skulekvardagen framover.
Kin-Ball
Category: Idrett Lokalt Ungdom FerieAug 15, 2024 - Tommy Sandsdalen
Samarbeid og inkludering i fokus på Kin-Ball. Kin-Ball er ei idrett frå Canada som er laga for å skapa inkluderande aktivitet i kroppsøvingsfaget. Kin-Ball kan spelast med mange kreative vriar. I konkurranseform er det den einasta idretten kor det er tri lag mot kvarandre. Takk til kommunefysioterapeut Ida, og turnusfysio Åste, som leia Kin-Ball økta med bravur i dag. Skular i Seljord kommune kan låne Kin-Ballar av Ida Tollehaugen i skuleåret.
Kunstnarar
Category: Kultur Lokalt Ungdom Samfunn FerieAug 13, 2024 - Tommy Sandsdalen
Lærerikt og inspirerande målarkurs med skulpturkunstar Ellen Grøstad på Nutheim i dag. Alle mobilane vart samla inn ved start og alle borna nøyt å vera inni kunsterbobla med portretteikningar. Borna teikna fyrst med blyant og kull, og runda av dagen med pensel og akrylmåling. Ellen vart veldig imponert og dela ut velfortent skryt til kvar enkelt! Ros og masse meistring! Me fekk servera vaflar og varm kakao i pausa og hadde ein utruleg fin dag på Nutheim.
Stor takk til Ellen og Nutheim!
På fisketur
Category: Kommune Lokalt Ungdom Jakt og fiske FjellAug 12, 2024 - Tommy Sandsdalen
Nydeleg dag med fisking i Tvitjønnan på Lifjell. Me drog opp 15 fine fisk i garn som Seljord fiskelag satt ut for kånn i helga, takk for det! Stor takk til Arve Myrvang frå Seljord fiskelag som tilbrakte dagen saman med kånn i dag, veldig triveleg! Jonathan vant fiskekonkurransen på stong
Sommarskulen del 1
Category: Idrett Kultur Kommune Skole Frivillighet Lokalt Ungdom Samfunn FerieJul 05, 2024 - Tommy Sandsdalen
To nydelege veker med Sommarskulen er over.
324 aktive påmeldingar på 10 aktivitetsdagar!
Sommarskulen tek ferie frå i dag, men er tilbake med to innhaldsrike veker igjen frå 5. august.
1. august opnar påmelding til veke 32, og plakaten for denne veka kjem to-tri dagar i forvegen.
Det er så viktig at Seljord kommune prioriterar dette i bygda i år igjen. Det er ei stor glede å tilby og vera med alle borna på alle aktivitetane.
Sommarskulen er eit ganske stort apparat som får hjelp av mange. Hans Inge Hagen fortjener applaus for Brief-appen og heimesida - stadig ein veldig viktig mann i kulissene.
Mange ildsjeler stiller gladeleg opp på dei ulike aktivitetane, og det er betydningsfullt for å kunne tilby mangfaldige aktivitetar til borna.
Nå leverar me bilane me får låne gratis av Autostrada Seljord og Bilia Toyota Seljord, og henter dei igjen 5. august.
Sommarskulen ynskjer dekkon ein fortsatt fin sommarferie, så gler me kånn til del 2 i august.
Robin Hood x10
Category: Idrett Frivillighet Lokalt Ungdom Jakt og fiske FerieJul 05, 2024 - Tommy Sandsdalen
Makalaus bra bogeskyting i Raudkleiv. Her blei borna i Seljord introdusera for ein ny aktivitet, og det var lett å sjå at dette gav meirsmak! Grenland Bueskyttere stilte opp med heile fire dyktige instruktørar, blant anna Tonje Bakken som er oppvaksen i Seljord. Kanskje dette er starten på eit bogeskyting-miljø i Seljord? Grenland Bueskyttere er behjelpelege med å dytte kånn videre i framtida
Arbeidslivsfag på ungdomsskulen har laga dei solide stilasa me bruka i dag, og dei står planta oppi Raudkleiv til bruk i framtida. Bogeskyting krevjar fokus og tolmod, og er veldig morosamt!
Foto-konkurranse - vinnarane
Category: Kultur Lokalt Ungdom FerieJul 05, 2024 - Tommy Sandsdalen
Juryen har bestemt seg. Topp 3 i fotokonkurransen er:
- Eline Edvardsen, 11 år, "Jenta i treet"
- Irmelin Meinstad, 11 år, "Katten"
- Aslaug Helene Byberg, 12 år, "Utsikten"
Gavekort ligg klart på Norli på Telesenteret til dekkon. Takk for veldig fine bilder, og desse blir hengt opp på nye ungdomshuset i haust.
Skaparar på Sneie
Category: Kultur Kommune Historie Lokalt Ungdom Samfunn FerieJul 02, 2024 - Tommy Sandsdalen
Me har storkosa kånn på Sneie i Åmotsdal i dag! Borna var lærevillige og skikkeleg flinke på rosemålinga med Bjørg. Alexander briljera på hardingfela til velfortent applaus, og på impuls fekk me svinga kånn litt på tampen av dagen.
Tusen takk til gjengen på Sneie for gjestfriheten og nydelege vaflar.
Gardslivet på Bjørge
Category: Kultur Lokalt Ungdom Samfunn FerieJun 27, 2024 - Tommy Sandsdalen
Me har storkosa kånn på Bjørge besøksgard i dag. Over 60 frå Sommarskulen + Seljord SFO og Flatdal SFO nøyt livet saman med dyra i dag. Hanne Aarlid og gjengen hennars er framifrå bra folk. Me anbefalar på det varmaste å ta turen dit! Den heimelaga isen burde du smaka forresten! Sommarskulen kjem tilbake neste torsdag.
Besøk av Barne-og familieminister Kjersti Toppe
Aug 10, 2023 - Seljord kommune
Barne-og familieminister Kjersti Toppe besøkte i dag Seljord kommune. Første stopp var på Århusmoen kor Sommarskulen leika seg med radiostyrte bilar og børning. Kjersti Toppe tok utfordringa og blei med på ein heftig børningrunde med William Bjåland Moen.
LOS Tommy Sandsdalen fortalde om sommarskulen sitt allsidige tilbod kor over 300 barn har vore innom så langt i sommar, og enno er det eit par veker med moro igjen før skulestart.
Sommarskule er bare moro
Aug 05, 2023 - Tommy Sandsdalen
Det var ei stor glede å sjå så mange fornøgde born og tenåringar deltok på Sommarskulen i juni! Me som jobbar med Sommarskulen føler kånn privilegerte som leikar med og ikkje minst har gode og morosame samtaler med borna. Eit av mine høgdepunkt frå juni var da eg hadde ein skikkeleg koseleg samtale med ei jente på bussturen på veg heimatt fra klatreparken. Alle som deltek på Sommarskulen er så forskjellige med ulik form kreativitet og nysgjerrigheit i seg. Det å kunne utfalde seg og utforske på varierte aktivitar i barndommen er så viktig! Det å prøve seg på (sunne) aktivitetar ein ikkje har prøva før, gjer at både born og vaksne blir klokare på seg sjølv og står beitre rusta til å ta små og store valg i livet.
Vinnarane av fotokonkurransen
Category: Kultur Ungdom Samfunn FerieJun 29, 2023 - Tommy Sandsdalen
1. plass, Irmelin Meinstad:
Dette bildet/teksten falt juryen pladask for.
"Katten min er der alltid for meg uansett. Eg er enebarn og eg føler katten min er det nærmaste eg kjem eit søsken. Ho vil alltid være med meg og viss ho ikkje veit kor eg er mjauar ho etter meg. Så er ho så klart morosam å leike med".
Tov Hegni
Category: Lokalt Ungdom FerieJun 21, 2023 - Tommy Sandsdalen
Neste aktivitetsleiar i presentasjonsrunden er Tov Hegni. Her har me ein kar med stort hjerte, godt smil og mykje energi! Aldri sett nokon i bås for Tov elskar også rolege sjakkparti med lange rokader, og han er heller ikkje fremmed for "offerspel". Tov ofrar seg gladeleg så andre heve det bra!
Det gjeng gjetord frå Sommarskulen i fjor at borna syntes det var såpass stas å henge med Tov at enkelte born prøva å klistre seg på han. Slik atferd trur eg Tov kan like, for han er ekstremt motivert for å jobbe på Sommarskulen i år au.
Åssen trur du at ein god ven vil beskrive deg?
"Eg trur ein god ven vil sei at eg strålar av godhet og omtanke, og at eg alltid er der for å støtte og oppmuntre".
Undertegnede kjenner seg ganske så oppmuntra av å både skrive og henge rundt Tov, så er ikkje detta ein bra kar så veit ikkje eg.
Tov blir med alle fire vekene på Sommarskulen!
Store ballar på Eventyrøy
Category: Idrett Frivillighet UngdomJun 20, 2023 - Tommy Sandsdalen
Tusen takk til Ida, Anbjørg og Jette frå Seljord Frisklivssentral som hadde Kin-ball på Eventyrøy med elevar frå 6.-10. trinn i dag!
Kin-ball er ein veldig inkluderande idrett kor alle er i farta med mykje ballberøringar undervegs, så dette vil me gjere meir!
I dag lærte me at Kin-ball er einaste idretten i verda kor det er tri lag som konkurrerar mot kvarandre om gangen, så det er jo litt tøft å ha prøva.
På slutten av økta fekk alle is av Anbjørg, så mange store smil på eventyrøy i dag
Fotokonkurranse
Category: Lokalt Ungdom FerieJun 20, 2023 - Tommy Sandsdalen
Tema for fotokonkurranse er «takknemleg».
Kva er du nettopp du takknemleg for? Det kan jo vere så mangt!
Skriv inn nokre ord om tekst/tanke på bildet du leverar inn til post@sommarskulen.no
Fotokonkurransen startar frå i dag, og Sommarskulen publiserar og premierar dei tri beste bilda torsdag 29. juni.
Alle som er påmeldt aktivitetar i løpet av dei to første vekene kan være med i fotokonkurransen.
Anders Slåkvik
Category: UngdomJun 19, 2023 - Tommy Sandsdalen
Neste aktivitetsleiar i presentasjonsrunden er Anders Slåkvik. Her snakkar me ein om grepa kar med smilet lett på lur. Kreativ og med haukeblikket påskrudd så alle borna heve det bra og blir ivaretatt.
Nokon ord fra gutten sjølv:
"Gudag! Eg var med på sommarskulen i fjor, og syntast det var utruleg morosamt! Eg likar bading, fotball, sjakk og alt som ikkje er keisamt. Gleder meg til å sjå alle kjende og ukjende att, og bidra til at borna får gode opplevingar i sommar. Det blir artig å ta fatt!"
Åssen trur du at ein god ven vil beskrive deg?
"Hyggeleg, blid og lojal".
Anders bør du bli kjend med for han kan du verkeleg stole på.
Du må skynde deg, for han blir med dei to fyrste vekene på Sommarskulen!
Ragnhild Stade
Category: UngdomJun 18, 2023 - Tommy Sandsdalen
I sommar er det sju ungvaksne aktivitetsleierar på Sommarskulen.
Først ut i presentasjonsrunden er Ragnhild Stade, ei av heltane til ungane:
"Hei hei! Eg heiter Ragnhild, og skal vera ein av aktivitetsleiarane for sommarskulen 23. Eg ser STORT fram til alle dei morosame aktivitetene me skal gjera og oppleve saman. Eg likar veldig godt å vera aktiv sammen med andre, og er kjempeglad i dyr".
Ragnhild bryr seg mykje om å hjelpe barna med å knytte vennskap, og er opptatt av å inkludere alle barna i leiken.
- Åssen trur du at ein god venn vil beskrive deg?
- "Åpen og snill".
Ragnhild er snill og god, men kan også vere bestemt når det trengst (ja det trengst).
Ho har allereie jobba to år på Sommarskulen, og me er kjempeglade for at ho er med på laget i år au.
Ragnhild blir med alle fire vekene!
Sommarskulen-23
Category: Lokalt Ungdom Samfunn
Facebook: Sommarskulen´23
Webside: Sommarskulen.no
App: Sommarskulen (23)
E-post: post@sommarskulen.no
Fyrste info om sommarskulen sine aktivitetarleggjast ut frå måndag 12. juni fram mottorsdag 15. juni.
Torsdag 15. juni: Opnar påmelding til aktivitetar 19.-23. juni.
Meld deg på aktivitetar via app eller sommarskulen.no
Torsdag 22 juni: Opnar påmelding til aktivitetar 26.-30. juni.
*Sommarskulen held fram 7.-11. august og 14.-19. august
(meir info kjem i starten av august)
Tusen takk for 2022
Category: Kommune Lokalt Ungdom FerieAug 16, 2022 - Hans Inge Hagen
Tusen takk for i år!
Sommarskulen’22 er over. Og det med lyn og torden. Det var til slutt bare det, som klarte å stoppe aktiviteten!
Det har vøre ein sann glede, å ha hatt med så mange born. Ein skulle ikkje tru at ein kunne få med omlag 245 av borna, frå skulane, på 53 aktkvitetar over 40 dagar. Over 8 veker med nesten 1000 påmeldingar, viser at lokalferie i kommunen, både er populært og liv laga! Det viste seg ikkje å vere ein eingongs-suksess.
Men, me hadde ikkje klart dette om me ikkje hadde hatt me oss fantastiske ungdommar, som aktivitetsleiarar (Stian, Andres, Thomas, Simon, Ohla, Ragnhild, Tov, Guro og nå siste dag Herman).
Me hadde ikkje klart dette, om me ikkje hadde hatt utruleg godt samarbeid med Bjørge Besøksgard, Kjetil’s Tur, idrettslaga, turlaget, jakt og fiskelaget, Toyota Seljord, Autostrada, Frivillihetssentralen, Seljord Næringshage, SFO, Sneie, kyrkja og mange andre lokale tilbyderar, støttespelarar og enkelt personar).
Me håpar at Sommarskulen blir ein del av neste års budsjett og plan. Tusen takk til Seljord kommune, som tør å satse på dette unike tilbodet. For det er unikt. Få andre gjer det som kånn! Det bør me fortsette med!
Sommarskulen ynskjer alle born og unge ein god start på skuleåret! Oppfør dekkon like fint på skulen, som i Sommarskulen. Då gjeng alt veldig bra!
Tusen takk for i år!
helsing
Hans Inge Hagen
Leiar av Sommarskulen 22.
3 trer av Sommarskulen’22
Category: Kommune Skole Lokalt Ungdom SamfunnAug 15, 2022 - Hans Inge Hagen
I morgon trer desse 3 fantastiske aktivitetsleiarane av Sommarskulen’22. Guro Gundvaldjord er så ansvarsfull, tillitsfull og dyktig som gjeng ann å få blitt. Tov Hegni er ein ung kar, med fantastisk sjarme og stappfull av energi, som ungane har fått mykje glede av. Ohla Korol (frå Ukraina) er ein superflink, stødig og uthaldane ungdom, som heve vøre med nesten kvar dag, heile sommaren! Desse er Sommarskule-stjerner, som me vil takke for innsatsen i år! Tusen takk! - Hans Inge.
Ragnhild Stade
Category: Kommune Ungdom SamfunnAug 12, 2022 - Hans Inge Hagen
Sommarskule-stjerne Ragnhild Stade, trer av frå Sommarskulen! Ein meir lojal, punktleg og stødig aktivitetsleiar kan ein ikkje ha! Tusen hjartleg takk for jobben du heve gjort, med og for borna i år, som i fjor! Lykke til som student! Deg blir det noko bra ut av! helsing Hans Inge og Sommarskulen’22 i Seljord kommune.
Gardslivet på Bjørge
Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom Samfunn FerieAug 11, 2022 - Hans Inge Hagen
Då var tida inne for å sei: «Tusen takk for i år, Bjørge Besøksgard» Dette har vøre ein sommar med gardsliv opplevingar av ypperste sort! Så mange, av Sommarskulen born, har gleda seg spesiellt mykje til å kome til dykk, kvar torsdag heile sommaren. Eg er overbevist om at her er det mange som ser for seg bondelivet i framtida, når dei blir store! Tenk å få avslutta besøket med strålande sol og varme, som ein ferie skal ha. Takk også til Ohla, Tov, Guro og Ragnhild for styringa! Hanne, Vemund, Eivind, Gunnhild og Ingebjørg og gjengen er fantastiske!
«Halve» skulen til Rush
Category: Kultur Skole Frivillighet Ungdom Samfunn FerieAug 10, 2022 - Hans Inge Hagen
«Halve» skulen på tur til Rush Trampolinepark i Larvik i dag. Nesten 80 born og 10-12 vaksne for delt i 2 bussar og 4 bilar, fekk det veldig hektisk med hopp og sprett i dag. Dette er heilt klart eit av høgdepunkta i Sommarskulen og derfor veldig moro å ha med seg så mange. Dette blir det god stemning av og mange høglytte ungar. Allsang i bussen heim er vel da ikkje til å unngå. Tusen takk til sjåførane Kjetil og Hermund, som sto i bråket av høgtskravlande born!!
Lokalhistorie
Category: Kultur Kommune Historie Lokalt Religion SamfunnAug 09, 2022 - Hans Inge Hagen
I dag fekk Sommarskulen omvisning på Seljord kyrkje med Bergit Lisleåsheim Telnes. Utruleg bra med lokalhistorie og gamal gamal kyrkje!! Her er det mange detaljar både inne og ute. Etterpå, reiste me bort til Kunstlåven og jobba med konkurransen. Flott ute på plenen med tappe og fritid! Tusen takk til Bergit for dagen! Takk til Tov, Ohla, Guro og Ragnhild. Dette var ein bra dag.
Verdens lengste «Friminutt»
Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom FerieAug 08, 2022 - Hans Inge Hagen
Verdens lengste og beste «Friminutt» fekk dei i Sommarskulen i dag! 3 timar med leik, spel og moro på den «nye» skuleplassen. Vollyball, fotball og ikkje minst klatring og det heilt til topps! Tenk å ha det så fint med sol, varme og gode vener!! Takk til Tov, Ohla, Guro og Ragnhild - heltane i Sommarskulen!
Kråkeroe ein varm dag i august
Category: Kultur Frivillighet Historie Lokalt Ungdom Friluftsliv Fjell FerieAug 05, 2022 - Hans Inge Hagen
Kan ein ha det betre, enn på staulen, ein varm fredag i august? Over 20 stk blei med bussen til Kråkeroe-staulen og Flatdal Meieri i dag. For ein flott plass. Ohla, Tov, Guro og Ragnhild styrte gjengen. Det er så moro med glade born og vaksne, når ein er på tur! Betre start på helgi, får ein ikkje. Tusen takk til Sondre og Margit (og resten av stølsfølket) for stell og kjærleik! Håpar me kan reise hit kvart år framover! God helg! (Og husk; d æ’kje ivi fyri d æ ivi!) — her: Kråkeroe-staulen og Flatdal Meieri.
Sommartid! = ungdomsklubb
Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom SamfunnAug 04, 2022 - Hans Inge Hagen
Det er veldig moro med «Sommartid!» klubb. Oppunder 30 stk kom for å leike, spela, sjå film og høre på musikk. Ragnhild, Guro, Tov, Ohla og Thomas serverte pizza, brus/saft, punsh og godsaker. 3 timar på kveldstid, frå 18-21, er flott å kunne møtast med vener og kjente, på tvers av trinn og bustad. Tusen takk til Frivillighetssentralen for lån av lokale. Det har vøre heilt supert for kånn i år! Me likar samarbeid!
Aktivitet nr 100
Category: Kultur Kommune Skole Lokalt Ungdom SamfunnAug 03, 2022 - Hans Inge Hagen
Me feirar aktivitet nr 100 i Sommarskulen med «Sommartid!» klubb på Frivillighetssentralen. Me er kjempestolte og glade over ein fantasisk deltagelse på Sommarskulen i år, som i fjor. Det er ikkje lett å følge opp suksessen frå året før. Men, nå har me nesten gjort det. 100 aktivitetar, med nesten 2000 påmeldingar, og hundrevis av timar med planlegging og born i aktivitet!
Ein dag på museet
Category: Kultur Historie Lokalt Ungdom SamfunnAug 02, 2022 - Hans Inge Hagen
Me er veldig heldige, som har eit så flott museum her i Vest-Telemark. På Eidsborg heve dei fantastiske utstillingar i hovudbygget. Stavkyrkja på Eidsborg er historisk og veldig spanande å sjå og høyre nøyare på. Så har dei, i tillegg til mange bygningar, også ein flott aktivitetspark. Miniatyr av Telemarkskanalen, pil og boke binkar. Arkiologiske graveområder. Og mykje, mykje meir. Me var helsige å få besøke dette anlegget i dag. Kjetils tur kjørte buss med 26 stk. Sommarskulen syns det er veldig viktig og moro å kunne bruke og besøke museet. Dette vil me gjerne gjere meir. I fjor var med på Åmdals Verk gruver. Så, dette er lokalhistorisk glede.
Prøv noko nytt
Category: Ungdom Samfunn FerieJul 28, 2022 - Hans Inge Hagen
Me driv helst på med det me er vand med å gjere. Ein gjer ofte det ein kan og meistrar. Prestere og vise andre kva ein er god på, gjev sjølvtilit og tryggheit. Det er noko godt ved det. Gjere det ein kan. Men, ein bør også gjere det ein vil. Det du vil, uten påvirkning frå din beste ven eller gruppa du er med i.
Det å utfordre deg sjølv til å gjere det ein vil og ynskjer, er ikkje enkelt. Det kan vera flaut eller pinleg å like ting utanom det vanlege. Det er ufatteleg viktig å finne ut av det. Prøve og teste, over eit breit spekter av aktivitetar. Kanskje, likar du å sy, om du er gut. Kanskje, likar du å mekke, om du er jente. Om du er jente eller gut, betyr ikkje så mykje. Det er kva du har lyst til å gjere, som er viktig. Ein dag lagar du kanskje den tøffaste olabuksa. Eller, ein dag har du fiksa den råaste motoren.
I sommarskulen vil me at du skal prøve. Bli med, sjølv om du aldri har gjort det før. Teste det ut. Her er det ingen tabu eller fordommar. Du melder deg på, det du vil. På dei aktivitetane me sett opp, gjer alle det. Derfor, er det lite krangling og stor fokus på det me skal gjere. Du får prøve, uten at nokon ser rart på deg. Matlaging, brettspel, tegning, fotball, turar, museum, leik og moro. Ein stor ask med konfekt! Du vil alltids like noko!
helsing
Hans Inge Hagen
Leiar Sommarskulen'22
Frisbeegolf
Category: Idrett Skole Frivillighet Lokalt UngdomJul 27, 2022 - Hans Inge Hagen
Den fyrste felles frisbeegolfrunden i Raukleiv, gjekk til Sommarskulen sine ungdommar! En sprek gjeng fekk kasta diskar mot dei 6 kørgene me har der. Ohla, Guro, Ragnhild og Tov fekk satt opp bra runde på litt under 1 km lang. Perfekt lengde på ein flott bane. Me håpar fleire tek turen snart!
Ny aktivitetsleiarar
Category: Lokalt UngdomJul 23, 2022 - Hans Inge Hagen
Velkomen til tre nye aktivitetsleiarar. Guro Gundvaldjord frå Seljord, Ragnhild Stade frå Flatdal og Tov Hegni frå Flatdal, blir sjefar i siste del av Sommarskulen. Dei jobbar fram til skulestart. Olha frå Ukraina blir også med dei. Dei har allerede fått kurs i livredning, fyrstehjelp og aktivitetsleiar frå samkjøring med dei fyrste aktivitetsleiarane. Det blir mykje moro og eit varierande tilbod framover. Gled dekkon!
3 staute karar
Category: Lokalt UngdomJul 22, 2022 - Hans Inge Hagen
og fantastiske aktivitetsleiarar, trer av for i år! Det heve vøre ei sann glede å hatt dekkon i Sommarskulen’22. Simon Brekkan er ein kjernekar, med solid tyngde og nær kontakt med borna. Anders Slåkvik er en dugaleg flott fyr, med stålkontroll og usedvanlege empatiske evner. Stian Hagen er ein strålande kar, med full oversikt og veldig godt lag med alle borna. Desse tre (+ Thomas, som tredde av for litt sidan) er med å skapar det me treng i ein kommune som vår; Nærhet, respekt og glede over å kunne gjere ting på tvers av interesse, alder og bustad! Tusen takk for nå og god sommarferie til dekkon!
Fotballskulen
Category: Idrett Skole Lokalt FerieJul 20, 2022 - Hans Inge Hagen
Det er så moro når mange samlast til leik og trening. Fotballskulen vart, i år som i fjor, ein suksess på mange måtar. Fint vær, godt opplegg og mange born gjer det til ein god aktivitet. Me er stolte av alderspranget og trivselen på banen. Mange sparkar fotball til vanleg, men også ein del nye fekk prøva seg. Samarbeidet med Seljord IL Fotball, med familien Myrvang i bresjen, gjev høg kvalitet på opplegget. Det var veldig varmt desse dagane, så då måtte me servere frukt og is for å få kjøla oss ned. Tusen takk for ein flott Fotballskule!
Sommarskulen’22 - t-skjorte
Category: UngdomJul 13, 2022 - Hans Inge Hagen
Har du fått Sommarskulen sin T-Skjorte for 2022? Om ikkje så gje aktivitetsleiarane beskjed om det, når du er på aktivitet. Eller meld deg på for å få her. Årets farge er lyesblå og me bestiller opp etter behov, slik at me ikkje blir sittande inne med eit stort antall. Me vil gjerne dele ut så mange me kan til elevar frå 1-10 klasse (og vener). Viktig å sjekke størrelse, slik at me fåt bestillt rektig.
Fyrste år med Skateskule
Category: Idrett Kultur Frivillighet Lokalt Ungdom FerieJul 12, 2022 - Hans Inge Hagen
Me introduserte Skateskulen i år. Heldigvis fekk med Skateguruane Per og Rune frå Oslo til å trene dei. Me hadde 14 ungar med og dei fekk øva og lært seg mange triks og teknikkar. Rampa, som også er Per er involvert i, ligg på det fantastiske området på banen midt i bygdi. Der er det også fotballbane, tennisbane, vollyballbane og badeplass i tillegg til Skaterampa og sykkelbane. Eit flott annlegg Fladal IL har bygd og driftar. Den 2 dagar lange Skateskulen vart avslutta med grilla hamburgerar, sponsa av Nutheim Gjestgiveri. Me håpar dette er starten på ein flott årleg Skateskule. Tusen takk til alle som deltok.
Thomas trer av.
Category: UngdomGardsliv på Bjørge
Category: Kultur Lokalt SamfunnJul 07, 2022 - Hans Inge Hagen
Bjørge besøksgard med aktivitetsleiarane, Anders og Rolf, tok i mot 36 born på Sommarskulen i dag. Gardslivet er interesant og kanskje ligg det ein heil del bondesjeler i desse tøffingane. Dyrestell, gratis is eller slush og ridning er utruleg populært. Tusen takk for i dag! (Bilde: Anders er happy og glad for å ha snille ungar i aktivitet)
Vanvittig moro
Category: Frivillighet UngdomJul 07, 2022 - Hans Inge Hagen
Full guffe, for dei eldste, i Nordsjø Kabelpark. Stian, Thomas, Veronica og Sveinung fekk vera med 20 ungdommar på tur i dag. Kjetil kjørte bussen og soli skinte bra! Det er så moro å ha slike aktivitetar, som er utanom det vanlege. Meistring, samhold og vanvittig moro er noko av det beste me kan oppleve. Dei som ikkje fekk vera med denne gongen, blir med neste gong om dei vil.
Totalt, på begge aktivitetane, hadde me 60-70 born og ungdom (og ei par, tre vaksne), i aktivitet i dag. Det følest ut som det var alle på skulen. Dette likar me godt! I morgon bør dykk vera med til Kjos!!
Fisketur
Category: Friluftsliv Jakt og fiske FjellJul 05, 2022 - Hans Inge Hagen
Fisketur til Tvitjønnan på Lifjell saman med Seljord jakt- og fiskelag. Eilev Bjørge følgte oss opp og gav ut fiskeskrin til alle 13 deltakarane. Å fiske er kjempemoro, spesielt når ein får fisk. Og det fekk nesten alle sammen. Denne gjengen, av jenter og gutar, fekk seg ein flott dag på fjellet. 14c og delvis overskya er vel perfekt fiskevér? Seljord jakt- og fiskelag
Leik og moro heile sommaren
Category: Samfunn FerieJul 03, 2022 - Hans Inge Hagen
Det er veldig moro å sjå alle som heve kome seg inn i feriemodus. Både i Sommarskulen, privat og i andre aktivitetstilbod. Det er det me vil. Me vil ha born og ungdom inn i eit modus, der dei kosar seg og har fri. Der dei kan bli med på akkurat dei tinga dei ynskjer. Saman me vener, familie og kanskje treffe nye folk. Mange gonger er det ikkje så viktig med eit fullpakka program. Det kan vera like moro å samlast bare for å leike og kose seg. Me vil spele på lag med borna. Me vil sjå at dei kosar seg. At dei respekterar kvarandre og gjere ting i felleskap. Det styrker samhaldet og viskar vekk utanforskap.
Sommarskulen er ikkje bare viktig for å ha ein «plass å henge». Det er viktig i tider med store endringar i økonomien. Høge straumprisar, drivstoffprisar, auke her og der. Sommarskulen er gratis og veldig inkluderande. Me treng dette tilbodet for å stresse ned og for å føle seg trygg på at borna vil få ein fabelaktig sommar, nå som me har ferie.
Sommarskulen er ikkje skule, slik me kjenner ordet. Det er ein aktivitetsarena for alle trinn i skulane i kommunen. Me kan legge vekk stress og press til å prestere og me kan yte etter evne og lyst. Orkar me ikkje ein dag, så orkar me kanskje ein annan dag. Vil me, så melder me oss på. Fritt valg! Sommarskulen er heldig, som har så flott ein gjeng å ta i mot, kvar dag, heile sommaren.
God sommar! Ser dykk, når det passar!
Hans Inge Hagen
Leiar for Sommarskulen’22
i Seljord kommune
Sommar og sol
Category: Ungdom FriluftslivJun 30, 2022 - Hans Inge Hagen
Sommaren ser ut til å bli varm og flott. Då er det godt me kan bade mykje. Alle aktivitetsleiarane har både livrednkngskurs, fyrstehjelpskurs og aktivitetskurs før det startar jobben sin i Sommarskulen. Og det må me ha om me skal kunne få leike ved vannkanten eller bade. Me har også med utstyr for å auke sikkerheten. Me har eit stort SUP brett, som me kan flyte på og me har fyrstehjelpsskrin om små skader oppstår. Så me er forberedt om noko skulle skje. Me kan ha med oss 15 born per vaksen, så er me 3 aktivitetsleiarar, så kan me maks ha med 45 born. Ofte er det også foreldre med. Dei kan me aktivisere i tillegg. Sommaren blir deilig!!
Sommarskulebil nr 1
Category: Kultur SamfunnJun 24, 2022 - Hans Inge Hagen
Planlegging og organisering av Sommarskulen'22 er ein kabal med tusen kort, som må leggast korrekt for å få den til å gå opp. Då er me avhengige av goodwill og snille hjelperar i privatfolk og bedrifter. Me er så heldige å ha slike her i kommunen. Toyota Seljord låner bort ein ny Prius til oss i hele 2 mnd uten å kreve noko tilbake. Dette forenklar aktivitetskvardagen, slik at me kjem oss på jobb og slik at me kan vera fleksible i forhold til henting og levering av born (uten å vera Taxi). Tusen takk!