Stillingar på Sommarskulen 2023
Me er på jakt etter ansvarsfulle og motiverte, lokale ungdomar mellom 18-25 år, som kan jobbe med barn og unge under Sommarskulens aktivitetar i Seljord, Flatdal og Åmotsdal utover sommaren.
Me ynskjer 4 ungdommar dei fyrste 2 vekene etter skuleslutt, og 4 ungdommar dei siste 2 vekene før skulestart.
Du vil aldri vere aleine om ei oppgåve, du vil jobbe saman med andre aktivitesleiarar og ulike personar som allereide jobbar i kommunen. Du vil vera med å sette opp aktivitetar og bidra til at aktivitetane blir gjennomført etter plan, retningslinjene og på ein god måte. Er du ein slik person og kan jobbe med dette i eit godt team? Då håpar me at du søkjer!
Sommarskulens leiar er Tommy Sansdalen. Ta kontakt med han om du har spørsmål.
Alle vil trenge politiattest, kurs som er nødvendig vil bli gitt.
Førarkort kl B er ynskjeleg.
Lønn etter gjeldane reglar i hovudtariffavtalen.
Arbeidstider: kl 9-15 mån.-fre. (justerast etter aktivitet).
For meir informasjon ta kontakt med Tommy Sansdalen i Sommarskulen23 i Seljord:
Telefon 95721872 eller epost: post@sommarskulen.no
Søk på stillinga her
Søknadsfrist: 21. mai 2023
Sommarskulen 23 - ein aktiv sommar!
Tusen takk for 2022
Category: Kommune Lokalt Ungdom FerieAug 16, 2022 - Hans Inge Hagen
Tusen takk for i år!
Sommarskulen’22 er over. Og det med lyn og torden. Det var til slutt bare det, som klarte å stoppe aktiviteten!
Det har vøre ein sann glede, å ha hatt med så mange born. Ein skulle ikkje tru at ein kunne få med omlag 245 av borna, frå skulane, på 53 aktkvitetar over 40 dagar. Over 8 veker med nesten 1000 påmeldingar, viser at lokalferie i kommunen, både er populært og liv laga! Det viste seg ikkje å vere ein eingongs-suksess.
Men, me hadde ikkje klart dette om me ikkje hadde hatt me oss fantastiske ungdommar, som aktivitetsleiarar (Stian, Andres, Thomas, Simon, Ohla, Ragnhild, Tov, Guro og nå siste dag Herman).
Me hadde ikkje klart dette, om me ikkje hadde hatt utruleg godt samarbeid med Bjørge Besøksgard, Kjetil’s Tur, idrettslaga, turlaget, jakt og fiskelaget, Toyota Seljord, Autostrada, Frivillihetssentralen, Seljord Næringshage, SFO, Sneie, kyrkja og mange andre lokale tilbyderar, støttespelarar og enkelt personar).
Me håpar at Sommarskulen blir ein del av neste års budsjett og plan. Tusen takk til Seljord kommune, som tør å satse på dette unike tilbodet. For det er unikt. Få andre gjer det som kånn! Det bør me fortsette med!
Sommarskulen ynskjer alle born og unge ein god start på skuleåret! Oppfør dekkon like fint på skulen, som i Sommarskulen. Då gjeng alt veldig bra!
Tusen takk for i år!
helsing
Hans Inge Hagen
Leiar av Sommarskulen 22.
3 trer av Sommarskulen’22
Category: Kommune Skole Lokalt Ungdom SamfunnAug 15, 2022 - Hans Inge Hagen
I morgon trer desse 3 fantastiske aktivitetsleiarane av Sommarskulen’22. Guro Gundvaldjord er så ansvarsfull, tillitsfull og dyktig som gjeng ann å få blitt. Tov Hegni er ein ung kar, med fantastisk sjarme og stappfull av energi, som ungane har fått mykje glede av. Ohla Korol (frå Ukraina) er ein superflink, stødig og uthaldane ungdom, som heve vøre med nesten kvar dag, heile sommaren! Desse er Sommarskule-stjerner, som me vil takke for innsatsen i år! Tusen takk! - Hans Inge.
Ragnhild Stade
Category: Kommune Ungdom SamfunnAug 12, 2022 - Hans Inge Hagen
Sommarskule-stjerne Ragnhild Stade, trer av frå Sommarskulen! Ein meir lojal, punktleg og stødig aktivitetsleiar kan ein ikkje ha! Tusen hjartleg takk for jobben du heve gjort, med og for borna i år, som i fjor! Lykke til som student! Deg blir det noko bra ut av! helsing Hans Inge og Sommarskulen’22 i Seljord kommune.
Gardslivet på Bjørge
Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom Samfunn FerieAug 11, 2022 - Hans Inge Hagen
Då var tida inne for å sei: «Tusen takk for i år, Bjørge Besøksgard» Dette har vøre ein sommar med gardsliv opplevingar av ypperste sort! Så mange, av Sommarskulen born, har gleda seg spesiellt mykje til å kome til dykk, kvar torsdag heile sommaren. Eg er overbevist om at her er det mange som ser for seg bondelivet i framtida, når dei blir store! Tenk å få avslutta besøket med strålande sol og varme, som ein ferie skal ha. Takk også til Ohla, Tov, Guro og Ragnhild for styringa! Hanne, Vemund, Eivind, Gunnhild og Ingebjørg og gjengen er fantastiske!
«Halve» skulen til Rush
Category: Kultur Skole Frivillighet Ungdom Samfunn FerieAug 10, 2022 - Hans Inge Hagen
«Halve» skulen på tur til Rush Trampolinepark i Larvik i dag. Nesten 80 born og 10-12 vaksne for delt i 2 bussar og 4 bilar, fekk det veldig hektisk med hopp og sprett i dag. Dette er heilt klart eit av høgdepunkta i Sommarskulen og derfor veldig moro å ha med seg så mange. Dette blir det god stemning av og mange høglytte ungar. Allsang i bussen heim er vel da ikkje til å unngå. Tusen takk til sjåførane Kjetil og Hermund, som sto i bråket av høgtskravlande born!!
Lokalhistorie
Category: Kultur Kommune Historie Lokalt Religion SamfunnAug 09, 2022 - Hans Inge Hagen
I dag fekk Sommarskulen omvisning på Seljord kyrkje med Bergit Lisleåsheim Telnes. Utruleg bra med lokalhistorie og gamal gamal kyrkje!! Her er det mange detaljar både inne og ute. Etterpå, reiste me bort til Kunstlåven og jobba med konkurransen. Flott ute på plenen med tappe og fritid! Tusen takk til Bergit for dagen! Takk til Tov, Ohla, Guro og Ragnhild. Dette var ein bra dag.
Verdens lengste «Friminutt»
Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom FerieAug 08, 2022 - Hans Inge Hagen
Verdens lengste og beste «Friminutt» fekk dei i Sommarskulen i dag! 3 timar med leik, spel og moro på den «nye» skuleplassen. Vollyball, fotball og ikkje minst klatring og det heilt til topps! Tenk å ha det så fint med sol, varme og gode vener!! Takk til Tov, Ohla, Guro og Ragnhild - heltane i Sommarskulen!
Kråkeroe ein varm dag i august
Category: Kultur Frivillighet Historie Lokalt Ungdom Friluftsliv Fjell FerieAug 05, 2022 - Hans Inge Hagen
Kan ein ha det betre, enn på staulen, ein varm fredag i august? Over 20 stk blei med bussen til Kråkeroe-staulen og Flatdal Meieri i dag. For ein flott plass. Ohla, Tov, Guro og Ragnhild styrte gjengen. Det er så moro med glade born og vaksne, når ein er på tur! Betre start på helgi, får ein ikkje. Tusen takk til Sondre og Margit (og resten av stølsfølket) for stell og kjærleik! Håpar me kan reise hit kvart år framover! God helg! (Og husk; d æ’kje ivi fyri d æ ivi!) — her: Kråkeroe-staulen og Flatdal Meieri.
Sommartid! = ungdomsklubb
Category: Kultur Kommune Lokalt Ungdom SamfunnAug 04, 2022 - Hans Inge Hagen
Det er veldig moro med «Sommartid!» klubb. Oppunder 30 stk kom for å leike, spela, sjå film og høre på musikk. Ragnhild, Guro, Tov, Ohla og Thomas serverte pizza, brus/saft, punsh og godsaker. 3 timar på kveldstid, frå 18-21, er flott å kunne møtast med vener og kjente, på tvers av trinn og bustad. Tusen takk til Frivillighetssentralen for lån av lokale. Det har vøre heilt supert for kånn i år! Me likar samarbeid!
Aktivitet nr 100
Category: Kultur Kommune Skole Lokalt Ungdom SamfunnAug 03, 2022 - Hans Inge Hagen
Me feirar aktivitet nr 100 i Sommarskulen med «Sommartid!» klubb på Frivillighetssentralen. Me er kjempestolte og glade over ein fantasisk deltagelse på Sommarskulen i år, som i fjor. Det er ikkje lett å følge opp suksessen frå året før. Men, nå har me nesten gjort det. 100 aktivitetar, med nesten 2000 påmeldingar, og hundrevis av timar med planlegging og born i aktivitet!
Ein dag på museet
Category: Kultur Historie Lokalt Ungdom SamfunnAug 02, 2022 - Hans Inge Hagen
Me er veldig heldige, som har eit så flott museum her i Vest-Telemark. På Eidsborg heve dei fantastiske utstillingar i hovudbygget. Stavkyrkja på Eidsborg er historisk og veldig spanande å sjå og høyre nøyare på. Så har dei, i tillegg til mange bygningar, også ein flott aktivitetspark. Miniatyr av Telemarkskanalen, pil og boke binkar. Arkiologiske graveområder. Og mykje, mykje meir. Me var helsige å få besøke dette anlegget i dag. Kjetils tur kjørte buss med 26 stk. Sommarskulen syns det er veldig viktig og moro å kunne bruke og besøke museet. Dette vil me gjerne gjere meir. I fjor var med på Åmdals Verk gruver. Så, dette er lokalhistorisk glede.
Prøv noko nytt
Category: Ungdom Samfunn FerieJul 28, 2022 - Hans Inge Hagen
Me driv helst på med det me er vand med å gjere. Ein gjer ofte det ein kan og meistrar. Prestere og vise andre kva ein er god på, gjev sjølvtilit og tryggheit. Det er noko godt ved det. Gjere det ein kan. Men, ein bør også gjere det ein vil. Det du vil, uten påvirkning frå din beste ven eller gruppa du er med i.
Det å utfordre deg sjølv til å gjere det ein vil og ynskjer, er ikkje enkelt. Det kan vera flaut eller pinleg å like ting utanom det vanlege. Det er ufatteleg viktig å finne ut av det. Prøve og teste, over eit breit spekter av aktivitetar. Kanskje, likar du å sy, om du er gut. Kanskje, likar du å mekke, om du er jente. Om du er jente eller gut, betyr ikkje så mykje. Det er kva du har lyst til å gjere, som er viktig. Ein dag lagar du kanskje den tøffaste olabuksa. Eller, ein dag har du fiksa den råaste motoren.
I sommarskulen vil me at du skal prøve. Bli med, sjølv om du aldri har gjort det før. Teste det ut. Her er det ingen tabu eller fordommar. Du melder deg på, det du vil. På dei aktivitetane me sett opp, gjer alle det. Derfor, er det lite krangling og stor fokus på det me skal gjere. Du får prøve, uten at nokon ser rart på deg. Matlaging, brettspel, tegning, fotball, turar, museum, leik og moro. Ein stor ask med konfekt! Du vil alltids like noko!
helsing
Hans Inge Hagen
Leiar Sommarskulen'22
Frisbeegolf
Category: Idrett Skole Frivillighet Lokalt UngdomJul 27, 2022 - Hans Inge Hagen
Den fyrste felles frisbeegolfrunden i Raukleiv, gjekk til Sommarskulen sine ungdommar! En sprek gjeng fekk kasta diskar mot dei 6 kørgene me har der. Ohla, Guro, Ragnhild og Tov fekk satt opp bra runde på litt under 1 km lang. Perfekt lengde på ein flott bane. Me håpar fleire tek turen snart!
Ny aktivitetsleiarar
Category: Lokalt UngdomJul 23, 2022 - Hans Inge Hagen
Velkomen til tre nye aktivitetsleiarar. Guro Gundvaldjord frå Seljord, Ragnhild Stade frå Flatdal og Tov Hegni frå Flatdal, blir sjefar i siste del av Sommarskulen. Dei jobbar fram til skulestart. Olha frå Ukraina blir også med dei. Dei har allerede fått kurs i livredning, fyrstehjelp og aktivitetsleiar frå samkjøring med dei fyrste aktivitetsleiarane. Det blir mykje moro og eit varierande tilbod framover. Gled dekkon!
3 staute karar
Category: Lokalt UngdomJul 22, 2022 - Hans Inge Hagen
og fantastiske aktivitetsleiarar, trer av for i år! Det heve vøre ei sann glede å hatt dekkon i Sommarskulen’22. Simon Brekkan er ein kjernekar, med solid tyngde og nær kontakt med borna. Anders Slåkvik er en dugaleg flott fyr, med stålkontroll og usedvanlege empatiske evner. Stian Hagen er ein strålande kar, med full oversikt og veldig godt lag med alle borna. Desse tre (+ Thomas, som tredde av for litt sidan) er med å skapar det me treng i ein kommune som vår; Nærhet, respekt og glede over å kunne gjere ting på tvers av interesse, alder og bustad! Tusen takk for nå og god sommarferie til dekkon!
Fotballskulen
Category: Idrett Skole Lokalt FerieJul 20, 2022 - Hans Inge Hagen
Det er så moro når mange samlast til leik og trening. Fotballskulen vart, i år som i fjor, ein suksess på mange måtar. Fint vær, godt opplegg og mange born gjer det til ein god aktivitet. Me er stolte av alderspranget og trivselen på banen. Mange sparkar fotball til vanleg, men også ein del nye fekk prøva seg. Samarbeidet med Seljord IL Fotball, med familien Myrvang i bresjen, gjev høg kvalitet på opplegget. Det var veldig varmt desse dagane, så då måtte me servere frukt og is for å få kjøla oss ned. Tusen takk for ein flott Fotballskule!
Sommarskulen’22 - t-skjorte
Category: UngdomJul 13, 2022 - Hans Inge Hagen
Har du fått Sommarskulen sin T-Skjorte for 2022? Om ikkje så gje aktivitetsleiarane beskjed om det, når du er på aktivitet. Eller meld deg på for å få her. Årets farge er lyesblå og me bestiller opp etter behov, slik at me ikkje blir sittande inne med eit stort antall. Me vil gjerne dele ut så mange me kan til elevar frå 1-10 klasse (og vener). Viktig å sjekke størrelse, slik at me fåt bestillt rektig.
Fyrste år med Skateskule
Category: Idrett Kultur Frivillighet Lokalt Ungdom FerieJul 12, 2022 - Hans Inge Hagen
Me introduserte Skateskulen i år. Heldigvis fekk med Skateguruane Per og Rune frå Oslo til å trene dei. Me hadde 14 ungar med og dei fekk øva og lært seg mange triks og teknikkar. Rampa, som også er Per er involvert i, ligg på det fantastiske området på banen midt i bygdi. Der er det også fotballbane, tennisbane, vollyballbane og badeplass i tillegg til Skaterampa og sykkelbane. Eit flott annlegg Fladal IL har bygd og driftar. Den 2 dagar lange Skateskulen vart avslutta med grilla hamburgerar, sponsa av Nutheim Gjestgiveri. Me håpar dette er starten på ein flott årleg Skateskule. Tusen takk til alle som deltok.
Thomas trer av.
Category: UngdomGardsliv på Bjørge
Category: Kultur Lokalt SamfunnJul 07, 2022 - Hans Inge Hagen
Bjørge besøksgard med aktivitetsleiarane, Anders og Rolf, tok i mot 36 born på Sommarskulen i dag. Gardslivet er interesant og kanskje ligg det ein heil del bondesjeler i desse tøffingane. Dyrestell, gratis is eller slush og ridning er utruleg populært. Tusen takk for i dag! (Bilde: Anders er happy og glad for å ha snille ungar i aktivitet)
Vanvittig moro
Category: Frivillighet UngdomJul 07, 2022 - Hans Inge Hagen
Full guffe, for dei eldste, i Nordsjø Kabelpark. Stian, Thomas, Veronica og Sveinung fekk vera med 20 ungdommar på tur i dag. Kjetil kjørte bussen og soli skinte bra! Det er så moro å ha slike aktivitetar, som er utanom det vanlege. Meistring, samhold og vanvittig moro er noko av det beste me kan oppleve. Dei som ikkje fekk vera med denne gongen, blir med neste gong om dei vil.
Totalt, på begge aktivitetane, hadde me 60-70 born og ungdom (og ei par, tre vaksne), i aktivitet i dag. Det følest ut som det var alle på skulen. Dette likar me godt! I morgon bør dykk vera med til Kjos!!
Fisketur
Category: Friluftsliv Jakt og fiske FjellJul 05, 2022 - Hans Inge Hagen
Fisketur til Tvitjønnan på Lifjell saman med Seljord jakt- og fiskelag. Eilev Bjørge følgte oss opp og gav ut fiskeskrin til alle 13 deltakarane. Å fiske er kjempemoro, spesielt når ein får fisk. Og det fekk nesten alle sammen. Denne gjengen, av jenter og gutar, fekk seg ein flott dag på fjellet. 14c og delvis overskya er vel perfekt fiskevér? Seljord jakt- og fiskelag
Leik og moro heile sommaren
Category: Samfunn FerieJul 03, 2022 - Hans Inge Hagen
Det er veldig moro å sjå alle som heve kome seg inn i feriemodus. Både i Sommarskulen, privat og i andre aktivitetstilbod. Det er det me vil. Me vil ha born og ungdom inn i eit modus, der dei kosar seg og har fri. Der dei kan bli med på akkurat dei tinga dei ynskjer. Saman me vener, familie og kanskje treffe nye folk. Mange gonger er det ikkje så viktig med eit fullpakka program. Det kan vera like moro å samlast bare for å leike og kose seg. Me vil spele på lag med borna. Me vil sjå at dei kosar seg. At dei respekterar kvarandre og gjere ting i felleskap. Det styrker samhaldet og viskar vekk utanforskap.
Sommarskulen er ikkje bare viktig for å ha ein «plass å henge». Det er viktig i tider med store endringar i økonomien. Høge straumprisar, drivstoffprisar, auke her og der. Sommarskulen er gratis og veldig inkluderande. Me treng dette tilbodet for å stresse ned og for å føle seg trygg på at borna vil få ein fabelaktig sommar, nå som me har ferie.
Sommarskulen er ikkje skule, slik me kjenner ordet. Det er ein aktivitetsarena for alle trinn i skulane i kommunen. Me kan legge vekk stress og press til å prestere og me kan yte etter evne og lyst. Orkar me ikkje ein dag, så orkar me kanskje ein annan dag. Vil me, så melder me oss på. Fritt valg! Sommarskulen er heldig, som har så flott ein gjeng å ta i mot, kvar dag, heile sommaren.
God sommar! Ser dykk, når det passar!
Hans Inge Hagen
Leiar for Sommarskulen’22
i Seljord kommune
Sommar og sol
Category: Ungdom FriluftslivJun 30, 2022 - Hans Inge Hagen
Sommaren ser ut til å bli varm og flott. Då er det godt me kan bade mykje. Alle aktivitetsleiarane har både livrednkngskurs, fyrstehjelpskurs og aktivitetskurs før det startar jobben sin i Sommarskulen. Og det må me ha om me skal kunne få leike ved vannkanten eller bade. Me har også med utstyr for å auke sikkerheten. Me har eit stort SUP brett, som me kan flyte på og me har fyrstehjelpsskrin om små skader oppstår. Så me er forberedt om noko skulle skje. Me kan ha med oss 15 born per vaksen, så er me 3 aktivitetsleiarar, så kan me maks ha med 45 born. Ofte er det også foreldre med. Dei kan me aktivisere i tillegg. Sommaren blir deilig!!
Sommarskulebil nr 1
Category: Kultur SamfunnJun 24, 2022 - Hans Inge Hagen
Planlegging og organisering av Sommarskulen'22 er ein kabal med tusen kort, som må leggast korrekt for å få den til å gå opp. Då er me avhengige av goodwill og snille hjelperar i privatfolk og bedrifter. Me er så heldige å ha slike her i kommunen. Toyota Seljord låner bort ein ny Prius til oss i hele 2 mnd uten å kreve noko tilbake. Dette forenklar aktivitetskvardagen, slik at me kjem oss på jobb og slik at me kan vera fleksible i forhold til henting og levering av born (uten å vera Taxi). Tusen takk!
Sommarhjølpi i gang
Category: Lokalt Ungdom FerieJul 02, 2021
Nå har me fått sommarhjølpi i gang og oppdraga strøymer inn. I dag var 4 elevar ute å tente pengar. 2 stk vaska bilane til Sommarskulen og tente 160,- kvar. Mens, 2 stk var på oppdrag i hagen til ein kunde og drog inn 240,- kvar. Det blir pengar i kassa av slikt! Fleire oppdrag på gang og dei som ikkje fekk i dag, får ein annan dag.
Eigene Sommarskulebilar
Category: FerieLedige stillingar / ferdig
Category: KommuneJun 01, 2021 - Hans Inge Hagen
Sommarjobb som Aktivitetsleiar
i Sommarskulen-21 i Seljord har ansatt 6 personar.
Me er på jakt etter ansvarsfulle og motiverte, lokale ungdomar mellom 17-25 år, som kan jobbe med barn og unge under Sommarskulens aktivitetar i Seljord, Flatdal og Åmotsdal utover sommaren.