Vener for livet!
Category: Skole Lokalt Ungdom FerieJul 09, 2021 at 06:31 pm - Hans Inge Hagen

Sommarskulen handlar hovedsakleg om å skape minner for livet!
Det me vil, er at du skal få oppleve ting saman med dine vener. Det kan både vera nye, som gamle. Det å leike og ha det moro i saman, skapar sterke og gode relasjonar.
Me har ein grunnstein i Sommarskulen, som skal passe på at alle er trygge og glade på aktivitetane me driv på med. Ein av hovudoppgåvene våre, som aktivitetleiarar, er å sjå kvar enkelt. Passe på at du blir med, om du vil. Trøste deg om det er vanskeleg. Støtte deg om det trengst. Me er alltid der.
Det å sjå glade elevar i full aktivitet, om den er fysisk eller i konsentrasjon, gjer kånn veldig glade, au. Me håpar på at mange får stort utbytte av dei små og dei store aktivitetane, me steller i stand. Og tilbodet er stort og variert.
La sommaren i år, bli ein av dei du huskar!
Helsing Sommarskulen i Seljord kommune
.