Er du klar for Sommarskulen 25?

Category: Ferie

Jun 10, 2025 at 03:07 pm - Ane Viktoria Strøm Linde


Er du klar for Sommarskulen 25?

Har du lurt på om det blir sommarskule i Seljord i år?
Svaret er: JA! 

No er det under to veker til det brakar laus – berre å byrja å glede seg! 

Også i år blir det mange kjekke aktivitetar, og me har til og med nokre hemmelege nyheiter på lur. Men litt kan me røpe: 

Tur til blant anna.... 

  • Bjørge Besøksgård 

  • Norsjø Kabelpark 

  • Klatreparken Høyt&Lavt i Bø 

Dessutan kjem det fleire morosame kreative aktivitetar. Kanskje vankar det ein konkurranse eller to og? 

I år som i fjor er sommarskulen delt i to periodar: 

Del ein: Veke 26 og 27 
Del to: Veke 32 og 33 

Me held det gåande måndag til fredag kvar veke. Tidspunkt for dei ulike aktivitetane vil du kunne sjå når påmelding byrjar. 

Påmelding: 

  • For veke 26 opnar påmeldinga i veke 25 

  • For veke 27 opnar påmeldinga i veke 26 

Meld deg på via nettsida www.sommarskulen.no eller i appen: Sommarskulen – Apper på Google Play