Evigvarande minne!

Category: Idrett Kultur Kommune Lokalt Ungdom Samfunn Ferie

Jul 30, 2021 at 02:36 pm - Hans Inge Hagen


Evigvarande minne!

Det å koma seg på sommarskulen er ofte eit samarbeid mellom borna og dei foresette.

Mange aktivitetar treng ikkje i fyrste omgang, sjå så spanande ut eller falle inn i interessefeltet. Mens, i andre omgang kan det hende at det er akkurat det det gjer - det er både interresant og spanande. For det opnar ei dør til upløgd mark. Det triggar nysgjerrigheta og skapar trong til å utforske seg sjølv og kva ein kan drive med. Slik, det kan vere med gutar å strikking eller jenter å radiostyrte bilar. Stereotypiske barrierer, som kan vaskast vekk. Om ein tør å prøve. 

Ein skal strebe etter gleden av å gjere ting ein vil. Spesielt i sommarskulen. For det er gleden, me er ute etter. Gleden av å vera saman og gjere ting i lag. Skape venskap og tilhørighet. Slik det blir, når me blandar alle skuleborna saman før dei byrjar på ungdomsskulen i 8 klasse. Me ser at venskap dannast mellom born som besøkjer slekt, Åmotsdølar, Flatdølar og Seljordingar i Sommarskulen. Alle andre delar av kommunen inkludert. Det gjev trygge og gode relasjonar mellom borna. Ein gløymer ikkje dette, når ein ein dag sitt i same klasserom på ungdomsskulen. Deg, kjenner eg. 

Lokal ferien, skal ein ikkje kimse av. Opplevelsen kan vera både stor og flott på mange måtar. Det å bli med på fisketur, få lov til å stelle dyr kvar veke, øve teater eller eller bli med på ein idrettskule i fotball eller friidrett, skaper mange evigvarande minne. 

«Eg huskar sommaren i -21, då me dreiv med …» 
Håpar me ein vil snakke om i -31 eller -41. 

God helg!

PS: Til veka skjer det mykji!

helsing 

Hans Inge
Sommarskulen’21