Sommarhjølpi!
Treng du hjelp til små oppgåver i heim og hage?
Då kan du bestille ein elev frå Sommarskulen til å gjere jobben for deg.
Prisar og avtaler
Ein skuleelev mellom 8 og 10 klasse er klar for oppdrag. Du kan gjere avtale over tid, om eleven ynskjer det. Ellers, så bestiller ein per gong.
Det kostar ikkje stort, men det skal kome begge partar til gode. Eleven skal tene og kunden skal få det i orden.
Eleven skal ikkje være ansvarleg for å stille med nødvendig utstyr. Dette sørgar oppdragsgjevar for.
Prisane for tenestane er som følger:
Prismålestokk: 1 time av 80,- per time
Eksempel:
- klyppe plenen |
2 t |
160,- |
- vaske bilen |
1 1/2 t |
120,- |
- gå ærend |
1 t |
80,- |
- lufte hunden |
1/2 t |
50,- |
Arbeidet blir tidskalkulert av Aktivitetsleiarane i Sommarskulen. Tidforbruk og pris er ikkje diskutabelt eller forhandlingmogeleg.
Bestilling
Du bestiller hjelp ved å sende e-post til:
bestilling@sommarskulen.no
Eller ringe/sms til ein av
aktivitetsleiarane på:
Anders 980 87 439
Stian 980 87 438
Thomas 980 87 436
Sommarhjølpi vil ha gul t-skjorte på, slik at du kjenner dei igjen. Har dei ikkje, så skal du ikkje ta i mot hjelp eller betale for tenesta.
Du signerar eit hjelpekort og skriv dato, tid og beløp. Hjelpekortet fungerar som ein kvittering mellom elev og arbeidsgjevar.
Kunden betalar hjølpi direkte via kontantar eller vipps (om det lar seg gjere). Sommarskulen tar ikkje i mot betaling.
Ledig
22
Påmeldte 28
Skulefri
"Skulefri" blir veke 25 og 26. (ei påmelding og kom den dagen som passar deg). Me lagar aktivitetar med base på Englandslette bak barneskulen i Seljord. Der skal me leike, lage ting, grille og mykje meir. Skulefri vil flytte seg til Flatdal og Åmotsdal deretter. Alle vil få ei Sommarskulen t-skjorte, som ein skal bruke under aktivitetane. Alle 1-4 klassingar i Seljord og Flatdal kan melde seg på.
Ledig
29
Påmeldte 21