Leik og moro heile sommaren
Category: Samfunn FerieJul 03, 2022 at 07:22 pm - Hans Inge Hagen
Det er veldig moro å sjå alle som heve kome seg inn i feriemodus. Både i Sommarskulen, privat og i andre aktivitetstilbod. Det er det me vil. Me vil ha born og ungdom inn i eit modus, der dei kosar seg og har fri. Der dei kan bli med på akkurat dei tinga dei ynskjer. Saman me vener, familie og kanskje treffe nye folk. Mange gonger er det ikkje så viktig med eit fullpakka program. Det kan vera like moro å samlast bare for å leike og kose seg. Me vil spele på lag med borna. Me vil sjå at dei kosar seg. At dei respekterar kvarandre og gjere ting i felleskap. Det styrker samhaldet og viskar vekk utanforskap.
Sommarskulen er ikkje bare viktig for å ha ein «plass å henge». Det er viktig i tider med store endringar i økonomien. Høge straumprisar, drivstoffprisar, auke her og der. Sommarskulen er gratis og veldig inkluderande. Me treng dette tilbodet for å stresse ned og for å føle seg trygg på at borna vil få ein fabelaktig sommar, nå som me har ferie.
Sommarskulen er ikkje skule, slik me kjenner ordet. Det er ein aktivitetsarena for alle trinn i skulane i kommunen. Me kan legge vekk stress og press til å prestere og me kan yte etter evne og lyst. Orkar me ikkje ein dag, så orkar me kanskje ein annan dag. Vil me, så melder me oss på. Fritt valg! Sommarskulen er heldig, som har så flott ein gjeng å ta i mot, kvar dag, heile sommaren.
God sommar! Ser dykk, når det passar!
Hans Inge Hagen
Leiar for Sommarskulen’22
i Seljord kommune
Leik og moro heile sommaren!